Sigrid Moldestad

Vintersong

Dette blir kanskje ein av årets vakraste julekonsertar! Med klangar frå den nordiske tradisjonen, frå salmar og julesongar, hardingfele, orgel og tonar som varmar deg i mørketida.

Folkekjære og kritikarroste Sigrid Moldestad legg også i år ut på førjuls-turneen “Vintersong”. Ei blanding av hennar eigne stemningsfulle songar og andre nostalgiske låtar vil fylle konsertstadane ho besøkjer før jul.

Turneen fylgjer opp suksessen frå i fjor, der Sigrid skapte magi i utselde hus.

Vintersong vert ein varm konsert til ettertanke, glede og håp. “Eg veit det er ein floksel, men det gjer den ikkje mindre sann: fred og kjærleik, peace and love- det er det det handlar om! Det er det ein vil og bør gje til kvarandre. Musikk er kjærleikens språk. Den er raus og går på tvers av tru, religion, julebodskap og alt. Vi kan ikkje seie det ofte nok slik verda er i dag”, seier Sigrid Moldetad.

Julekonserten “Vintersong” vart starta av Sigrid Moldestad i 2014 og har ei unik besetning kvart år.

Dørene åpner 19:00. Konsertstart ca 20:00. 18 års aldersgrense + vergeordning. 
Praktisk info
Vår koselige og intime Klubbscene!

Denne scenen er i utgangspunktet en scene med ståplasser, med mindre noe annet er spesifisert.

Barer: Centralen vil holde åpent. Ved større arrangementer vil ytterligere barer være åpent.

Lurer du på noe mer? Se her.