Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga med Det Norske Kammerorkester

JUL

Det blir julehøgtid og juleglede når Ingebjørg og Odd tek med seg Det Norske Kammerorkester og lagar storslått konsert i desember. Endeleg var tida inne for dei to songfuglane å møtast i musikken som høyrer denne tida til: Julesongen.

Tre gonger før har Odd Nordstoga teke med seg kammerorkesteret på juleturné, til fantastisk mottaking alle stader. Kanskje ikkje så rart. Med femten av landets aller beste strykarar leia av norsk orkestermusikks levande legende, Terje Tønnesen, er det lett å bli reve med. Med musikk som spenner frå drivande barokkmusikk til Odd Nordstogas nye klassikarar, blanda med folkemusikk og dei finaste julesalmer, kva er det som manglar då?

Ingebjørg Bratland såklart! Og denne gongen er ho med. Femten år gamal stod ho framom ein mikrofon på heimgarden til Odd i Vinje. Der song ho inn ein song som heitte «Jul i Svingen». Lite ante ho då om kor kjent denne innspelinga skulle bli. Lite ante ho at mange år seinare, om ho song den i eit kulturhus kor som helst i landet, så ville alle i salen kjenne den. Men Ingebjørg kan meir enn å synge «Jul i Svingen». Ingen har ei stemme som Ingebjørg, og no skal den for fyrste gong på turné og synge jula inn. Det var på tide, for dette er det mange som gler seg til.

I fjor gav Ingebjørg og Odd ut sitt andre album saman, «Langt heimafrå», og la ut på ein stor turné. Det vart ein stor suksess, med over 50 000 storfornøgde publikummerar frå nord til sør. Men no er det jula det skal handle om. Ingebjørg, Odd og Det Norske kammerorkester skal lage ein julekonsert som berre dei kan gjera det. Vel møtt til eit heilt unikt samarbeid. På scena er det nitten mann. Sytten fantastiske musikarar, to flotte artistar og den beste musikken. Det skal bli – JUL!

Praktisk info
Gamle og tradisjonsrike Hovedscenen i Drammens Teater.

Enkelte seter er markert med begrenset sikt. Det er satt av egne seter til rullestoler og ledsager - ta kontakt med oss for bestilling av disse setene.

Toaletter finnes i 1. og 2. losjerad, under hovedscenen og ute i foajéen (bak baren). Garderobe finnes under Hovedscenen.

NB! Salen har IKKE heis til 1., 2. og 3. losjerad.

Du finner svar på flere spørsmål her.